Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > For studenter > Nyheter > Nyheter 2016 > Klart for semesterregistrering i Studentweb for våren 2017

Klart for semesterregistrering i Studentweb for våren 2017

Gutt med bøker og eple (foto: Colourbox)

No er det klart for at du kan logge deg inn i Studentweb og semesterregistrere deg for vårsemesteret 2017. Det er i samband med dette at du melder deg på til undervisning og vurdering i dei emna du har i utdanningsplanen din for våren 2017. Obligatoriske emne skal ligge inne i planen din allereie, medan valfrie emne må du sjølv velge inn.

Dersom du treng hjelp med den individuelle utdanningsplanen din, eller har spørsmål til noko rundt semesterregistrering og påmelding til emne, så kan du ta kontakt med oss i Studenttorget for veiledning.

Dersom du har valfrie emne våren 2017 finn du oversikt over fagmiljøas anbefalte valgemnepakkar, med emnebeskrivelsar, i studiehandboka for kullet ditt

Vi anbefaler at du semesterregistrerer deg for vårsemesteret no før du tek juleferie, dersom planen din er å halde fram på det studiet du er inne på.

Siste frist for å semesterregistrere seg for vårsemesteret 2017 er 1. februar. Hugs at dersom undervisninga for emnet/emna du skal ta startar opp like over nyttår så må du ikkje vente til 1. februar med å melde deg på og starte på emnet/emna, men melde deg på og delta frå oppstart.

Sist oppdatert: Sigrun Dancke Skaare 01.12.2016

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L