Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > hjem > Nyheter > Aktuelt formidlingsnytt > Jørgensen om helse-og rusreformar

Jørgensen om helse-og rusreformar

Førsteamanuensis Sveinung Jørgensen heldt eit foredrag med tittel "Baklengs ut av fuglekassa. Hva er problemet?" på sosialfagleg konferanse til Fellesorganisasjonen og deira skandinaviske søsterorganisasjonar den 2. oktober. Konferansen vert arrangert i København. 

Målet med konferansen var å utveksle informasjon og erfaringar med hovudstadene (København, Oslo og Stockholm) si styring av det sosiale området, særleg oppgjeret med New Public Management styringa, og utviklinga av nye formar for leiing som skal væra med på å styrke dei fagprofesjonelle sine arbeidsbetingelsar. 

Jørgensen fortalde om artiklane han har skreve innanfor tematikken, med hovudvekt på russektoren og helse- og rusreformane i Noreg det siste tiåret. Her har Jørgensen, saman med Lars Jacob Tynes Pedersen (NHH), vore særleg opptekne av samanhengen mellom korleis rusproblemet vert formulert og korleis det søkjast løst av dei forskjellige yrkesgruppane, og korleis desse reformane bidrog til å redusere handlingsrommet til sosialarbeidarene. Les meir om desse studia ved å klikke her

Les meir om Sveinung Jørgensen

Sist oppdatert: Kristin Korsvold 03.10.2013

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L