Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > hjem > Nyheter > Aktuelt formidlingsnytt > Om Aanerud under Litteraturfestivalen

Om Aanerud under Litteraturfestivalen

Fleire HiL-tilsette vart involverte i markeringa av Aanrud sitt 150-årsjubileum under Litteraturfestivalen i Lillehammer. Geir Haugsbakk hadde det faglege ansvaret for seminaret som blei arrangert i Gausdal arena 29. mai og hadde også eit foredrag der. Hans-Jørgen Wallin Weihe hadde saman med Haugsbakk og Ivar Blekastad redaktøransvaret for jubileumsboka som skal lanserast 3. september 2013, men som også blei presentert på seminaret.

Seminaret inneheldt også ein guidet tur i Auggedalen i Aanrud sitt rike og ei dramatisering av ei Aanrud-fortelling i Det hemmelige teater i Bødalen med Morten Jostad i hovudrolla. Det heile blei avslutta med ein Aanrud-buffet i Kulturstua i Ro.

Om Hans Aanerud

Hans Aanrud var frå Auggedalen i Gausdal, og dei fortellingane han skreiv som bygde på oppveksten her, blei kritikarsuksesser, folkelesing og oppnådde klassikerstatus.

Den desiderte største salgssuksessen hadde han med barneboka om Sidsel Sidsærk. Med den fekk han ein posisjon som ein av pionerane innan den første bølgja av norsk barnelitteratur. Han var også ein foregangsmann i norsk litteratur for utveklinga av den moderne novella. 

I tillegg hadde han suksess som dramatikar, var teatersjef ved Den nationale scene i Bergen, kritikar i fleire sentrale hovedstadsaviser og leiar av Forfatterforeninga.

Sist oppdatert: Sigrun Dancke Skaare 07.06.2013

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L