Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > hjem > Nyheter > Aktuelt formidlingsnytt > Rønnestad i DN og GD med idrettsforsking

Rønnestad i DN og GD med idrettsforsking

Førsteamanuensis Bent Rønnestad blei intervjua i papirutgåva av Dagens Næringsliv 23. mai om ei nyleg avslutta studie som han har leia og som masterstudent Arild Askestad har gjennomført i idrettsfysiologisk testlabb ved høgskolen. I dette prosjektet studerte ein korleis idrettsutøvarar bør trene mellom sesongslut og starten av oppkjøringa til ein ny sesong for å halde kondisjonen på høgst mogleg nivå, samstundes som ein får ein restitusjonsfase. Omtalen blei publisert i nettutgåva laurdag 25. mai

Rønnestad blei også intervjua i GD 30. mai 2013 om eit nyleg oppstarta forskingsprosjekt på ishockeyspelarar som han leiar og som Ole Christian Haugen skal skrive si masteroppgave på. Prosjektet er eit samarbeid mellom Lillehammer ishockeyklubb, Norsk toppidrettsgymnas, Revmatismesykehuset og høgskolen.

Sist oppdatert: Sigrun Dancke Skaare 04.06.2013

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L