Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > Om høgskolen > Arkitektur og kunst

Arkitektur og kunst

Eit nasjonalt signalbygg

Høgskolen i Innlandet - Lillehammer held til i eit nasjonalt signalbygg. Husklyngja har fått ei form og masseoppbygging som ikkje dominerer, men framhevar landskapstrekka.

Materialane er valde med omhug, og ytterveggene består av glas og skiferplater basert på nyutvikla teknikk. Det sagtakkete glastaket gir eit lyst og ope innemiljø og fører til ein spenstig utsjånad.

Lokala er storslåtte med store, opne område og ein stor og lys glasgard som fungerer som ei gate som bind saman dei ulike bygningsdelane og romma.

Komplekset omfattar ei golvflate på 30.000 kvadratmeter, der 26.000 er nybygget som blei reist til dei olympiske leikane i 1994.

Kunstsamlinga

I samband med OL 1994 blei det gjennomført eit stort program med utsmykkingsoppdrag. Radio og TV-senteret, som seinare blei bygt om til høgskule, var gitt to utsmykkingsoppdrag. Det eine var det raude, 14 meter høge, tårnet til Paul Brand utanfor hovudinngangen, og det andre Dag Skedsmos fire innandørs veggarbeid eller relieff.

I tillegg kjem Olympiasamlingen -94, som består av samtidskunst laga av 38 kunstnarar frå 10 land. Kunstsamlinga blei etter OL gitt som gåve til høgskulen av LOOC (Lillehammer Olympiske Organisasjonskomité) og kjem frå kulturprogrammet under leikane. Desse verka er sentralt plasserte i bygningen.

Samlinga består av over 100 verk og skil seg frå andre offentlege samlingar i Noreg fordi den er bygd opp over eit svært avgrensa tidsrom. Den er den største kunstsamlinga ved ein norsk høgskole. Samlinga reflekterer både gjennom tema og teknikkar vesentlege delar av samtidskunsten på 1990- talet.

Sist oppdatert: Sigrun Dancke Skaare 02.01.2017

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L